Au au au

Stikkord

,

 

Har prøvd å komma meg til lege i går og i dag, men det var visst fullbooka, so då prøvde eg tannlege istede. Det gjorde eg for eg har ikkje noko anelse om kva det er som skjer, men at det har med munnen min å gjera. Eg har hatt store smerter no i fleire daga, trur det begynte på torsdag. Eg er usikker på om det er tenna som er problemet, kanskje eit hol eller noko. Eg kan ikkje peika på ei tann, heller eit område, som verkar. Smerten nærmar seg uutholdelig når kvelden lir på, noko som påverkar søvnen, drastisk.

So ringte tannlegen tidlegare i dag, då sa dei at om eg kunne komma med ein gong so skulle dei få tid til meg. Einaste problemet var at akkurat då så svikta VISA meg her i Australia, fekk ikkje til å bruka det. Siden eg ikkje hadde peng til å betala med ein gong so måtte timen avlysast, morro.. Såg for meg fleire dagar til med smerte!

På veg heim att derimot så fant eg ut at kortet fungerte på ein anna minibank, så ringte tannlegen på nytt. Fekk heldigvis time klokka 5 seinare på dagen.

Detta var resultatet;

 

Antibiotika og smertestillande. Tannlege var usikker på kva som var gale, men sikker på at det var null hull. Han vil senda meg til full røntgen av munnen, men det får me bli to om! Trur kanskje eg skal besøka lege istede fyrst, skal nett sjå om antibiotikan fungere fyrst.

Han meinte også at eg burde stressa ned, so no stresse eg med å ikkje stressa. Kjempe lett når det er siste innspurt på avsluttande oppgaver for detta semesteret!

Sånn, kjekk liten oppdatering om min frustrerande situasjon her i Australia. Men frykt ei, er ferie 4 juni <3 <3 Må berre holda ut xD

No ska eg dopa meg ned…

 

Benella

Stikkord

, , , , ,

Eg, Karianne, Rebecca og Wiske var so heldig forrige helg, me fekk moglegheita til å bli med Deakin Enviro på helgetur. Me meldte oss inn i klubben når me starta på Deakin.

Deakin Enviromental Club gjer det dei kan for å betra Deakin University i forhold til natur og dyreliv i Australia. Dei bidrar der dei kan for at Deakin skal bli meir miljøvennelig og gi tilbake til lokalmiljøet.

Forrige helg betydde det å reisa til Benella. Me samlast dei som kunne og fordelte oss i bilar for ein tre timars tur ut frå Melbourne. Deakin Enviro fiksa overnatting for oss i ein lokal speider-klubb, gratis. So eg og Karianne betalte ingenting for turen bortsett for litt medbragt mat.

Å sova i ein speider-hall føltes som å vera tilbake på ungdomsskulen. 40 ungdommar med veldig forskjellig personligheit samla i eit lite rom. Eg og Rebecca blei visst forvandla til to små fnisejenter. Alle andre ville visst legga seg klokka 9-10 om kvelden, men det var ikkje me klar for. Me prøve å spela kort ei lita stund, men etter mykje fnising og litt stygge blikk frå eit par soveposar, bestemte me oss for å trekka oss tilbake under dyna. Ivertfall dei av oss som hadde ei stor, god og varm dyna med seg ;P

I Benalle møtte med opp med folk frå The Regent Honeyeater Project (RHP).

”The Regent Honeyeater Project has established itself as one of the most active volunteer conservation projects in the nation.

It has engaged a whole farming community in restoring remnant box-ironbark habitat for the endangered species still living in the district, and attracted ongoing support from a wide cross section of the community to help farmers with the on-ground works.” (http://regenthoneyeater.org.au/index.php)

Vårt bidrag bestod i å sjekka ”reir-boksane”, som ser ut som fuglekasser, for å dokumentera kva dyr som burd der. Hovedsakelig skulle det vera ein god blanding av sugar-gliders og squirrle-gliders, som då er flygande ekorn. Problemet er at der desse dyra bur, deirans naturlig miljø, er blitt redusert med 96%. Det er grunna bønder som utvida områda sine og kuttar ned trer og buskar. Men no er det mange bønder som vil bidra til å retta opp i detta. I  samarbeid med Regent Honeyater Project, så har dei hengt opp desse boksane på bønder sine eigendommar. Og gjennom godt samarbeid har dei no klart å få opp so mykje som 400 boksar.

Me vart delt opp i grupper og fekk utdelt eit område, ein sonen. Kvar sonen består av cirka 15 boksar. Alle boksane heng ganske spreidd og høgt oppe. Me fekk med oss ein ledar og ein stege. Denna stege skulle me då drassa med oss overalt i bushen, meget moro. Me fekk ivertfall trent musklane!

Andy, som var vår leiar, har vå ein frivillig hjå RHP lenge. Han hadde mykje erfaring å komma med. Me lærte mykje om naturen rundt oss og kva som skjer i dyrelivet i Benalla. Det er takka være slike som han at prosjektet kan fortsetta.

Eg og Karianne kom på gruppa med to kjekke jenter, Tina og Jenna. Det var dei me satt på med til Benalle. Jenna er frå Australia, medan Tinar er tysk, men har budd her i 8 år. Begge to studere naturforvaltning og hadde mykje å diskutera med Andy.

Eit av problema med desse boksane er at dyra klore og biter i dei, så dei treng reperasjon og vedlikehald. Det var noko me noterte ned slik at nødvendig reperasjon kan bli ordna ved ein seinare anledning. Nokre av boksane har også blitt tatt over av uønska gjester, ein av dessa var bier. Me var nøydd å stå å stirra på boksen i eit minutt eller to for å vera sikra på at me ikkje fekk ein sverm av bier i fjeset når med opna dei. Vår fyrste boks hadde detta problemet, eller hadde hatt det. Boksen hadde blitt spraya og behandla, so biena hadde forlatt den, men honningen var framleis der. Det var eit fantastisk syn. Honningen vart produsert i organisert stil, på rekke og rad nede i den vetle boksen. Såg ut som det var menneskelagd, men det var det ikkje.

Lørdagskveld organiserte Deakin Enviro ein BBQ. Her nede består det i grilla pølser som ruller inn i ei vanleg brødskiva med litt ketchup. Bålet var laga av eucalyptus buskar og greiner. Og DET svei i auge og nasa! Eg grein og grein, nasa vart tatt, so det både høyrdes og såg ut som eg var stapp forkjøla. Heldigvis var det ikkje berre eg so reagerte sånn, det var visst den effekten det hadde.

Gjennom helga fekk med nærmøte med sugar-gliders, squirrle-gliders, kenguruar, wallabys (små kenguruar), hare, rev, kyr, wombat, bier og sikkert mange andre små insekt som me ikkje var klar over var rundt oss. Det var ein fantastisk og unik opplevelse. Me vandra rundt i bushen i Australia i opp mot åtta timar lørdag, og fem timar på søndagen. Det var fantastisk natur og dyreliv rundt oss som gav oss eit innblikk i det ekte Australia.

<3 Norge <3

Stikkord

,

 

HIPP HIPP HURRA!!! No er det 17. mai! Savne alle dykk som er heima i Norge og savner landet! Håper alle får ein fantastisk feiring! Eg og Karianne prøve å gjera det beste ut av det her i Australia, sjølv om våre tankar går til alle dykk heima!

Og stoooor gratulasjon til Helge og Hege med ei lita jenta!! Fekk eit nydelig bilde av den lille prinsessa! Gratulera! <3

Og ein stor gratulasjon til jubilanten May Britt Skjerveggen!!!! Gratulera med dagen!! Glad i deg! <3 Sku ønska eg kunne feira med dykk alle i dag! Stor klem frå Australia!!

Legge ved nokre bilder frå min og Karianne sin foreløpige feiring av denne kjekke dagen! Me har vå heldige med været, sol og blå himmel! Kjempe flott temperatur oxo, til tross for at det snart er full vinter her =)

Memories 23

A Memory is one,

One that lasts forever,

A Memory is one,

One to treasure forever,

A Memory is one,

One you create with someone special,

A Memory is one, One that you wont forget,

A Memory of you, You the special one,

A Thousand Memories, Is not worth a real you,

My units at Uni

Stikkord

, , , , ,

Når me starta på Deakin University så måtte me velga kva fag me ville ha. Det er eit av dei fantastiske (men også irriterande) tingena med Deakin. Når du er ferdig med utdanninga di der så har du ein skreddersydd utdanning som strekker seg over ein stor breidde av kunnskap. Du kan ta fotograferingsfag samtidig som du studere økonomi, eller ta design samtidig som du tar poesi.

Grunnen til at eg også skreiv at det var irriterande var at du får ikkje so alt for mykje informasjon om faga før du må velga, og prosessen der du velger var slitsom, var so redd for å velga feil. Men gjer du det så er det ikkje slutten på verden, du får ombestemma deg etter du har prøvd eit par gonga.

Detta semesteret har eg desse faga;

1. Visual Narrative Studio

I dette faget skal me laga ei bok. Me kan sjølv velga kva type bok me vil laga, om det skal vera barnebok, bildebok, bok for voksne, grøssar osv. Me skal ivertfall illustrerar ein form for tekst. Det er illustrasjonane som skal fortella historien.

Det er eit kjempe kjekt fag. Me lære masse teikne teknikka og andre kreative teknikka for å få idéane til å rulla. Læraren vår er kjempe fasinerande, han bruke overhead, og eg har mine tvil til at han har tatt i ein data, men teikna kan han! Han har produsert mange barnebøk.

Som mi oppgava har eg valgt å illustrera Per, Pål og Espen Askeladd. Når dei ska vinna prinsesso og halve kongeriket. Men eg vil laga ein ny vri på det. Historien blir omgjort litt for å skli inn i ein Tim Burton/Adams Family/Jane Austen stil. Så det blir “the undead” over alt. Kan bli spennande å få til, men eg lika utfordringen xD

2. Global Design Strategi

Her er det snakk om målgrupper. Me lære korleis me skal tenka på eit internasjonalt nivå. Korleis andre kultura og land blir påvirka av design og korleis me skal tilpassa det.

Den fyrste oppgava vår var at dei norske studentane skulle laga eit postkort til og for dei australske, medan dei australske skulle laga postkort som me nordmenn kunne kjenna oss igjen i. Var ei kjekk oppgava, eg fekk litt perspektiv på stereotypa.

3. Design Practice

I dette fage har me litt av kvart, litt lærdom i generell design praksis. Her fekk me beskjed om å laga ein blogg der me skulle legga inn inspirerande design-arbeid me fant på nettet. Min blogg blei denne; 2bcathy.wordpress.com.

Neste oppgava var, for min del, å designa fira øl-typar og pakning til å bæra dei i. Eg designa øl for ei kvinnelig-målgruppa, det var kjempe morro.

4. Design Packaging

Her skal me designe emballasjer, kva som helst. Vår fyrste oppgave bestod i å re-designe eit produkt av vårt eige valg. Eg valgte å re-designa Kvikk Lunsj, noko som viste seg å vera ei utfordrande oppgava.

Me hadde ferdig-templates, altså forskjellige former på emballasjer, som me kunne bruka. Men mitt design krevde noko anna, so eg lagde min eigen template. Læraren var veldig tvilsom til at detta skulle gå, ho ville helst at eg skulle velga å gå ein anna veg. Resultatet blei visst over all forventning, frå henner sida og mi, so eg er ganske nøgd xD

Her er nokre bilder frå skulen, blant anna biblioteket, Einstein´s Bar (pubn på skulen) og den vel berykta fonteno : P

Morten Måka i nød!

Stikkord

, , ,

Eg og Karianne var på strando ein dag. Me skulle til å reisa, men eg måtte nett skylla beina for sand.. På veg ut av vanne igje so holdt eg på å gå rett på ei måka, den snubla rett inni sanden og blei liggande istede for å stikka av.


So berre låg han der å pusta tungt.. stakkar liten.. Eg ropte på Karianne å me fant ut at me måtte gjera noke. Einaste eg kom på var å ringa RSPCA, men dei satte meg øve til Wildlife Victoria. Dei sa dei skulle prøva å komma å henta han, dei var veldig behjelpelige men fekk tlf 20 min seinare at dei ikkje hadde nokon som kunne komma.
Medan eg passa på Morten, so stakk Karianne for å finna ein boks. Ho fekk ei stor eska hjå ein av restaurantane i nærheita. Eg fekk/tok jobben med å løfta opp Morten og putta han i eska. Eg brukte mitt nydelige australia-flagg håndklè. Ingen dyr eller menneske kom til skade under denne handlinga. Ikkje meir enn dei allereie var ivertfall!

Me spurte rundt for å høyra om det var noken som kunne ta vare på han til Wildlife folka kunne henta han, men ingen kunne, so me ringte Wildlife igjen. Dei gav oss namnet på ein vetrinær me kunne levera han til. So satte me avgårde, til fots, for å redda den nye, lille vennen vår. Me brukte ca 30 min på vandringen vår, det var varmt..


Men me fant fram og fekk levert Morten xD
Om han kan klara seg sjølv etter litt hjelp so skulle han få leva, om ikkje må dei avliva han. Men han sleppe å lida meira ivertfall. Veldig usikker på kva som var gale med han, men han kunne verken gå eller fly. Såg ingen utvendige sår eller skadar, men trur kanskje det var noko materiale på vingane hans. Uansett, eg skal få mail om korleis da går.

Her er ein mail eg fekk frå Wildlife etterpå. Om nokon har lyst å gi ein donasjon so hadde det vært fantastisk! Me fekk mykje og god hjelp frå dei! Kjempe hyggelige folk!

GORE

Stikkord

, , , , , , , , ,

Her er ein “liten” filmsnutt med bilder frå den fantastiske turen vår i helga! Takk for ei kjempe helg jenter! ; )

Me starta i Melbourne fredags ettermiddag. Me leide ein bil hjå Budget, som me kunne ha heile helga. Var ein søt liten Nissan. Eg blei den utvalgte til å starta bak ratte, som var på FEIL sida av bilden og bilen var jo på FEIL sida av vegen! Måtte litt tilvenning til før eg følte meg komfortabel, men var null stress etter 5 minutt.

So eg starta vår ville ferd ut frå byen og mot Great ocean road. Me var heldige å fek blå himmel og sol. Fantastiske fine forhold for å starta på vår “roadtrip”. I bilen var me fira jente; meg og Karianne, Wiske og Rebecca. Sian eg og Karianne hadde oversettelse til førarkotra våre so skulle me køyra i byane.

Me satte kursen mot Geelong. Det blei mange stopp på vegen, for å shoppa, men også for å få i oss litt mat og sjå på den fantastiske naturen me kom over.

Ein av dei fyrste turistplassane me stoppa var eit fyrtårn. Det var utrulig fin beligenhet, desverre so kunne me ikkje gå inn i det for å sjå utsikten frå toppen, men me fekk fin utsikt fordi om = )

Etter litt sightseeing so retta me naso mot Torqay. DER likte me oss godt. Mange butikka, Quiqsilver, Roxy, Billabong, Rip Curl og myyyykje meir. Gav skikkelig inntrykk av å vera eit surfe-paradis.Og alt var på salg, det nærma seg jo tross alt vinter her nede. Men til tross for flotte rabatt so klarte eg å mostå fristelsen til å kjøpa surfebrett xD Haha, noko som sikkert hadde vå eit kjempe lurt kjøp for min del! Me får sjå..

Etter Torqay so måtte me finna ein plass me kunne sova for natto. Den plassen blei Lorne. Lorne er ein kjempe søt liten plass. Inntrykke mitt var at plassen stort sett består av ei stor flott strand og nokre dyre butikka og sære hus, men med mykje sjarm! Me fant ein koselig og rimelig plass å kubba for kvelden, akkurat det me trengte. Og det fyrste me får sjå når me driv å hente inn tingena våre er… ein KOALA! Herlig! Og maaaaange fugla, var dyreliv over alt omkring oss. So meldte magen ifrå om at me måtte ha mat, so me kjøpte inn vin og nokre deilige hamburgera, ferdig krydra, som me kunne grilla på terassen. Me kom i prat med andre folk, backpackera, som virka veldig hyggelige. Var ein fin avsluttning på fyrste dagen av turen vår.

Dagen etter so var det noken av oss som etter mykje koselig vin xD ikkje kunne vera sjåføra, but have no fear, alt er tima og tilrettelagt! Rebecca og Karianne fekk prøva seg bak ratte denna dagen. Me hadde fått tips om ein fin foss eit lite stykke frå Lorne. Når me kom fram so vart eg litt skuffa. Var kjempe fint der, naturan gav oss assosiasjoner med Jurrasic Park filmane. Det som skuffa var at fossen var litt liten, hehe, eg er vane med fossa av litt anna kaliber ; ) Men var verdt turen! Siden eg var i kjempe form etter kvelden før, so meldte eg pass når dei andre ville gå ned til bunnen. Noko eg ikkje angra på, godt med litt tid for seg sjølv, so kunne eg nyta alle dei koselige lydane frå naturen ilage med maurena. Dei andre var litt mindre annpusten når dei kom opp att, var fine trapper som gjorde det mulig å gå ned til bunnen, men dei var visst ikkje so fine å klarta opp att.

Neste stopp var Teddy`s Look out. Me fekk nokre kjekke bilde og ein fantastisk utsikt. Vinden tok hardt i, men det var ellers ganske varmt.

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 314 andre følgere